Mari Midtli på song og Aslak Brimi på fele er begge framifrå formidlarar av tradisjonsmusikk, og ilag med Sinfonietta Innlandet får musikken fram ukjente dimensjonar. Utganspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen arrangert ut for strykeorkesteret og fele- og song-solistar. Dette er heftig, stor og intrikat musikk.
Dette prosjektet tek utgangspunkt i både ny og tradisjonell folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Det blir gamle slåttar og songar, og det blir to suiter av Aslak Brimi for song, fele og strykeorkester. Utarrangeringa er det komponist og arrangør Knut Anders Vestad som står for.
Sinfonietta Innlandet er eit strykeorkester med base i innlands-regionen, og kunstnarleg leiar er fiolinist Atle Sponberg.
Innspelt i Newtone studio, Oslo, hausten 2018.
Lyd: Andre Viervoll og Aksel Jensen
Coprodusent: Knut Anders Vestad
Foto: Johannes Selvaag
Grafisk formgjeving: Heidrun Laugsand
Bergtatt
TA199 Aslak Brimi og Mari Midtli med Sinfonietta Innlandet
Spennande, sjangeroverskridande, varmt og vakkert – dette skildrar musikken som skapast mellom eit dynamisk og frittspelande strykeorkester og to av dei beste folkemusikkutøvarane frå Gudbrandsdalen