Slåttane på Åleine, og no på Anno 2001, blei spela inn i stor respekt for dei gode kjeldene Per Anders har vore heldig både å få oppleva og å få lære av. Den gongen kan det nok hende han i somme tilfelle var nærare mange av desse legendene enn han er no –iallfall var han det i tid. Fleire av desse sterke, levande inspirasjonskjeldene gjekk nemleg bort ikkje lenge før eller etter at innspelinga blei gjort. Andre blei med åra mindre aktive kring tusenårsskiftet grunna alderdom og plager dét fører med seg. Den tradisjonelle læremeister-elev-situasjonen Per Anders til no hadde vore bortskjemt med å få taka del i var ikkje lenger like tilgjengeleg. Mykje av målet med produksjonen frå 2001 var å hylle desse viktige inspirasjonskjeldene han hadde hatt frå gutedagane av, og opp igjennom tenåra. Vidare la han vekt på å spela inn sjeldne slåttar - slåttar det ikkje er så ofte å høyre frå ein kappleik-eller konsertscene, men som felespelarar gjerne kosar seg med åleine med fela. Ein god del av desse slåttane hadde aldri tidlegare blitt gjeve ut då dei blei spela inn, og nokre av slåttane på Anno 2001 er med på ein CD for fyrste gong også no 20 år etterpå. Ein annan tanke bak Åleine var å fokusere på slåttar frå meir moderne tid. Dette for å synleggjera at slåttemusikken stadig er og har vore eit naturleg uttrykk for skapande musikarar heilt opp til våre dagar. Difor spela Per Anders også inn springarar og gangarar laga av nolevande slåttediktarar, eller tonekunstnarar som levde tett opp mot tusenårsskiftet. Fleire av desse komposisjonane er med på Anno 2001. Han spela også inn nokre av sine eigne komposisjonar. På Anno 2001 får me høyre ein av desse - ein springar med namn Nyårsdagen. Gjennom dette opptaket oppdaga han sjølv at han har endra på denne slåtten dei siste 20 åra, og han blei minna på korleis han opphavleg hadde tenkt at denne springaren skulle vera. Endeleg kan han spela sin eigen slått riktig igjen.

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948). Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - særleg i Telemark; slike som Eivind Mo (1904-1995), Olav Øyaland (1922-2019), Einar Løndal (1914-2006), Bjarne Herrefoss (1931-2002), Anund Roheim (1913-1999) og Gunnar Innleggen (f. 1948). Landskappleiken har han vunne 4 gongar.
Sidan tenåra har musikken vore ein stor del av levebrødet hans, og han har underheldt, heldt konsertar og turnert i store delar av inn- og utland. Han har også fleire CD-utgjevingar bak seg, både som solospelemann og som medverkande musikar. For soloalbuma har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemann 3 gongar – seinast i 2016 for CD-en Greinir. Han har også vunne gullplate både for singel og for album saman med bandet Byting, der han var fast medlem frå 2013 til 2018. I 2012 blei han tildela 2-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd. I 2021 fekk han 1-årig arbeidsstipend frå same instans, samt Rolf Gammlengs ærespris frå Fond for utøvende kunstnere. I 2000 fullførte han eit toårig studie på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, underlagt Universitet i Bergen. Likevel er han fyrst og fremst autodidakt, og har med åra tileigna seg godt over 500 slåttar. Dette fyrst og fremst ved å stadig oppsøke eldre kjelder heilt i frå barnsbein av, men også ved å saumfare arkiv og private samlingar for opptak med felespelarar han ikkje rakk å oppleva. Noter har han aldri lært seg. Alle slåttane han kan er difor lært på gehør og ligg lagra i hukommelsen.