TA242CD_booklet.pdf
 

Olaf Bergland (1914–1971)

av Stein Versto

Han står i ei ættelinje med spelemenn på rekke og rad, med utøvarar på hardingfele gjennom eit langt tidsspenn, nokre av dei retteleg gode.

 

Spelemenn gjennom to hundre år

Han var fødd 8. september 1914, som nest yngste i ein syskenflokk på åtte, og voks opp på plassen Bergland på Seljordshei. Foreldra var Knut Aslakson Kleivan (1878–1968, seinare Bergland) og Dagne, fødd Heggtveit (1874–1959). Bestefaren Aslak Kleivan (1840–1910) var ein framifrå dansespelemann og mykje bruka både i bryllaup, på auksjonar og tilstellingar elles, ikkje minst på den store og vidgjetne Åmyrmarken på Rauland. Det finst enno nokre få slåttar, formfaste og rytmiske, gode til dans, etter han. Morbror til Aslak Kleivan var Olav Bergsland (1821–1901), som var så mykje med Myllarguten og spela, og fylgde han på dei mange turane til Vestlandet, særleg Hardanger. Den store utvekslinga av spel og slåttar mellom Hardanger og Telemark er ikkje minst desse to å takke, og det har vore hevda at Olav Bergsland lærde frå seg fleire slåttar i Hardanger enn Myllaren. Og båe tok med seg spel frå Hardanger til Telemark. Olav Bergsland skal ha vore ein framifrå spelemann.

Han var son til Halvor O. Bekkjorden (f. 1777), som kom frå Rollag i Numedal. Halvor gifte seg med Guro Vihus frå Åmotsdal og slo seg ned der, og levde heile livet i fatigslege kår. Guro var god langeleikspelar og spela også i bryllaup, så musikkgivnaden til sonen Olav og bror hans, Vetle, som òg var spelemann, kom nok frå båe foreldra.

Det skil altså nesten hundre år mellom dei to spelemennene med dei like namna, Olav Bergsland og Olaf Bergland. Den fyrste var oldemors bror til den siste. At etternamna er så like, er slump. Bergsland var husmannsplass under Berge i Åmotsdal.

Far til Olaf, Knut Bergland, spela ikkje. Men Knut hadde ein bror som var god spelemann, Olav Aslakson Kleivan/Kleven. I ei domarfråsegn frå Telemark ungdomslags stemne i Seljord i 1919 uttalar domarane mellom anna at Olav Kleivan “spela mjukt og med kjensle.”

 

Bergland på Seljordshei

Mora Dagne, som kom frå garden Heggtveit i Åsgrend, var den som styrde i hus og heim. Ho hadde fjoset, slik skikken var for kvinnene før i tida, og ho tok seg av husarbeidet. Knut arbeidde noko i skogen for brukseigar Aall, i tillegg til arbeidet på Bergland i onnene og anna førefallande virke. Dei greidde å fø to kyr gjennom vinteren.

Ho kom til ringare kår, Dagne, enn ho var van med heimanfrå. Etter å ha budd fleire stader slo ho og Knut seg ned på Bergland, der dei vart buande til dei vart gamle. Sine siste år hadde dei på Gjuv i Hjartdal, der dottera Kari var gift.

Huset på Bergland var lite, som på husmannsplassar flest – eitt rom og eit lite sovekammers. I denne vesle, enkelt innreidde hytta, med ei kroneseng i hjørnet, peis, langbord og eit framskåp, voks ungane opp.

Bergland ligg fint til på ei slette, og på den tid, då det ikkje var tilgrodd som no, hadde ein vidt utsyn. Ei ny stove vart sett opp under krigen, innmed den gamle. Her var det kjøken, stove og soverom. Det var Rolleiv Herrefoss, far til meisterspelemannen Bjarne Herrefoss, som sette opp den nye stova.

Og det var Olaf Bergland som sa til Rolleiv, då Bjarne var liten og prøva seg på fela:

“Der sit ein god liten spelemann.”

Dei vart gode spelemannsvener, Olaf og Bjarne, og springaren Frå morgon til kveld, som Bjarne Herrefoss bruka på kappleikar og kom ut med på plate på nittensyttitalet, hadde han i form etter Olaf.

Når dei trong varer og laut handle, gjekk dei ned til Kilen. Båtane på Telemarkskanalen la til her, og såleis vart Kilen eit aldri så lite knutepunkt for varehandel. Stundom var Olaf med far sin til Kilen og handla; då kjøpte Knut ein pose kamferdrops. Eitt drops tilfall Olaf.

Kjerreveg fanst ikkje, så dei bar varene heim på ryggen, gjekk gjennom Øverlands-marka, forbi Øverlandseika og vidare opp til Bergland.

Då ungane byrja på skulen, gjekk dei vegen ned til Firingen ved Seljordsvatnet. Og då Olaf skulle gå for presten, laut han til Seljord. Det var for langt å gå til at han kunne fara att og fram på dagen, så han sov over hjå skyldfolk i Seljord. Når han skulle leggje seg til sova, var det på ei rye på golvet, med ei anna rye over seg. Dei var ikkje reine, dei som kom frå Heii.

Dette var forklåringa.

Difor var det då heller ikkje med glede han traska til Seljord. Men noka anna løysing fanst ikkje.

Mor Dagne var musikalsk, så givnaden til Olaf for musikk kom nok både gjennom mors- og farsætta. Ho kunne slåttestevet om Fanteguten, og Olaf lærde seg å spela denne slåtten etter å ha høyrt mor si tralle stevet.

Ho var overtydd om at dei underjordiske fanst, Dagne. Ho hadde sett dei på Bergland, sa ho, og denne sansen for usynlege skapningar i naturen gjekk vidare til nokre av ungane, mellom anna eldstejenta Maren. Dagne hadde også møtt avlidne, hevda ho.

Mange spelemenn var innom på Bergland i oppveksten til Olaf. Han fekk aldri høyre bestefaren Aslak, som gjekk bort fire år før Olaf vart fødd, men der fanst spelemenn på Heii, og sansen for felespel var nok stor i Bergland-heimen. Såleis fekk Olaf viktige impulsar frå han var smågut.

Marit Bergland Rysstad, dotter til Olaf, skildrar far sin som ein skøyar som lika å finne på ulike slag “spikk”, også med far sin. Ein gong la han sauelort i pipa til Knut.

“Nei, no trur eg eg må vera sjuk, Dagne. Pipa smakar så rart!” sa han då. Ved eit anna høve la Olaf svartkrutt i pipa. “Men då blei mor sinna,” fortalde han seinare. “Ho sprang etter meg for å få tak i meg, og treiv etter håret mitt for å halde meg fast. Men eg var nyklipt, så det gjekk ikkje!”

Det var helst mora som stod for oppsedinga.

 

Heddal og Notodden

Husmannsvesenet heldt seg lenger på Seljordshei enn dei fleste andre bygder; det må vera grunnlag for å hevde at det varde til godt inn på 1900-talet. Brukseigar Aall på Ulefoss åtte det meste, og folket på Heii leigde seg små jordvegar av Aall. Bergland var ein slik, og som gutungar elles på plassane på Seljordshei, laut Olaf ut i arbeid som tømmerhoggar for Aall så snart han var stor nok til det. Medan han enno budde heime, arbeidde han i skogen saman med broren Hans, og ein gong måtte han bera bror sin heim på ryggen etter at den hin hadde hoggje seg i leggen. Straks han hadde slite seg heim med Hans, laut han av garde att for å få fatt i dokter.

Hans var to år eldre enn Olaf, og utdanna seg til elektrikar. Han fekk etter kvart arbeid på Akers mek. i Oslo, og vart seinare tilsett som elektrikar på Oslo Nye Teater. Arne, ein annan storebror av Olaf, spela fele då han var ung, og var også ein god dansar som deltok på kappleikar ein periode.

Den unge spelemannen Olaf Bergland, med det store, fyldige håret og glimtet i augo, sleit nok ikkje med å få kontakt med jentene. Han vart kjærast med Helga Nystad frå Sauherad, og dei gifte seg i 1938. Saman fekk dei dottera Dagne Karin. Men Olaf og Helga skilde lag under krigen, og frigjeringsvåren 1945 gifte han seg med Aslaug Mærde (1920–1994) frå Notodden. Dei hadde møtst i krigsåra og fått dottera Marit i 1943, men ikkje gift seg fordi Olaf ikkje fekk skilsmisse frå Helga Nystad under okkupasjonen.

Då dei var gifte, tok dei Dagne Karin heim til seg, og ho voks opp som ein fullverdig familiemedlem. Syskena elles er Marit, Wenche (fødd 1947) og Knut Tore (fødd 1962).

Familien slo seg ned i Mærde, i eit hus som bestefar til Aslaug hadde bygt. Mærde ligg i bergskrenten på venstre side når ein køyrer inn til Notodden frå Heddal og hadde frå gamalt vore plass under ein av Tinnes-gardane, men far til Aslaug hadde fått kjøpe småbruket. Etter kvart kom det opp bortimot ti hus her.

I samband med vegomlegging laut huset til Bergland-familien rivast, og Olaf sette då opp eit nytt hus i Mærde, på ei tomt han og Aslaug fekk av far hennar. Det året Olaf bygde hus, budde familien på Yli. Marit Bergland Rysstad minnest med glede ein av lærarane der, Ivar Svare frå Vågå i Gudbrandsdalen; han lærde skuleungane folkeviseleik, og dei dansa Bind deg ein blomekrans. Dette var noko for den danseglade dotter til Olaf Bergland! Men pietismen stod sterkt på Yli, og dans i skulen ville ein ikkje ha noko av. Det enda med at læraren vart oppsagd.

 

Spelemannsliv

 

Aslaug var ein raus og tolmodig person, og utan henne hadde det nok ikkje vore mogeleg for Olaf å leva det spelemannslivet han så gjerne ville ha, og fekk.

Han livnærde seg og familien i lange periodar som snekkar, og var ein dugande og etterspurd handverkar, tok på seg oppussing, vøling og tilbygg på hus. I mange år dreiv han for seg sjølv, men vart på 1960-talet tilsett i eit firma som bygde hytter. Her vart han verande til han måtte slutte på grunn av sjukdom. Om somrane hadde han med seg skulegutar som hjelparar, blant dei den seinare dansaren og kvedaren Olav Sem. Dei var i fjellet fleire stader og sette opp hytter. Elles arbeidde han med tømmerhogst, var på Tinfoss Jernverk, og på den store tømmerlensa på Heddalsvatnet.

Familien flutte inn i den nye heimen i Mærde i 1954–55, og heldt ope hus. Spelemenn, dansarar og andre vener kom til alle døgnets tider. Dei kom ofte utan å melde frå føreåt, og kunne bli verande i dagavis. Blant dei som kom, var spelemannskameratane Bernt Balchen og Bjarne Herrefoss. Då vart det speling og prat, ofte til langt på natt. Dei to sov på ryer i gangen med teppe over seg, insisterte på det. Marit og Wenche hadde soverommet sitt vegg i vegg med stova, og ungane i Bergland-heimen både sovna og vakna til felespel, ofte. Bjarne og Bernt var òg med og hjelpte til med husbygginga ei tid, og seinare, då flyplassen i Heddal var komen i bruk, kom Bernt Balchen med fly frå hovudstaden.

Fela var med, i kvardag og fest, i sut og i glede. Då Wenche kom til verda i 1947, budde dei enno i det gamle huset i Mærde. På denne tid var det ikkje vanleg at faren var med under fødselen. Aslaug fødde heime, i det eine rommet, og Olaf låg vegg i vegg, under kjøkenbordet, og spela og gret. På sin måte tok han del i fødselen, og helsa Wenche velkomen til verda.

Han kunne koma heim frå arbeid i skogen, utsliten. Då òg la han seg på golvet, med fela i armane. Der låg han på ryggen og leika seg med fela. Ein av dei slåttar han ofte spela, var Jørånnatten av Torkjell Haugerud.

Olaf Bergland levde med fela på eit vis som nok var vanlegare før, der instrumentet alltid var med, i små og større lag. Var det nokre få samla og ein av dei kunne spela, laut fela fram anten det var i ei stove eller på ei strand. Denne omgangsforma: å sitje i ei gruppe og gle seg over samveret, ta ein slått, ei vise, ei skrøne eller ei historie – som ei samling ikring leirbålet i farne tider, eller i skumringstimen før elektrisiteten kom – er ein skikk som ikkje så ofte blir halden i hevd lenger. Born og unge burde takast inn i denne samversforma. Slike stunder, med næring og varme for hjarta, kan gje minne for livet.

Ein som vanka mykje hjå berglandane, var Trygve Runnan, også kalla Gråtass. Både han og kona Hjørdis kom der ofte. Ein annan var Ole Juvet. Desse to var stordansarar båe, men heilt ulike i dansestil. Ole Juvet var den stilfulle og høviske, førde jenta så formsikkert; Trygve Runnan var liten, og hadde takt og rytme i alle kroppens fibrar. Eitt år tevla dei med kvarandre på Kongsbergmarken, og Olaf Bergland var dansedomar. Det var sjølvsagt vanskeleg for Olaf å setje dei to venene sine opp mot einannan og avgjera kven som var betre av dei, men det enda med at han gav eit halvt poeng meir til Trygve Runnan. Dette vart vanskeleg for Ole Juvet; han fór ut på gata på Kongsberg og fann seg ei slåstkjempe som han fekk med seg innatt for å “ta” Olaf Bergland. Men då kjempa fekk høyre grunnen til at Olaf skulle “takast”, snudde han og gjekk.

Eitt og anna lite basketak var ikkje heilt uvanleg i dei tider. Men den gongen vart det ikkje noko av, og så aldeles alvorleg meint frå Ole Juvets side var det vel ikkje heller – iallfall ikkje etter kvart. Venskapen mellom dei to varde ved, og Olaf sjølv lo når han seinare fortalde om hendinga.

 

Dansespelemannen

Meisterspelemannen Anund Roheim kom heim frå Amerika, og strauk straks til Heddal til Olaf Bergland. Han vart verande i Mærde ei veke. Då var det folk ut og inn heile tida; dei spela natt og dag, og Aslaug gjekk på arbeid, hadde nattskift og vaska tog. I periodar var nok òg hennar innsats viktig, for å skaffe dei nødvendige inntektene til familien.

Ein annan som kom, var ein eldre ungkar, Johannes Fykerud, son til Lars. Med i miljøet var også den røslege kvedaren Hans Gampedalen, som Marit og veninnene var så forelska i: Han var så lik Johnny Weismüller, han som spela hovudrolla i Tarzan-filmane!

Og Gjermund Haugen. Meisteren på Notodden var fødd same året som Olaf. Dei kjende kvarandre godt og var mykje i lag, spela saman i spelemannslaget Fjellrosa. Då Olaf fylte femti år i 1964, kom Gjermund. Fødselsdagsgåva frå spelemannsvenen var at han skulle spela for Olaf heile natta. Det gjorde han! Ole Juvet var der, Trygve Runnan og mange fleire. Dei rørde

einannan, Olaf og Trygve. Olaf kunne sitje og spela, og Trygve gret. Og når Trygve dansa, hende det Olaf tok til tårene. Så høgt sette han den gode dansen.

Stemningsmenneske!

Olaf var svært mykje nytta som domar på kappleikane, både i dans og spel, og dømde mellom anna landskappleiken i Nesbyen i 1961, der Jens Amundsen vann A-klassa i hardingfelespel.

I det organiserte folkemusikkmiljøet på Notodden er det spelemannslaget Fjellrosa som er mest kjent i dag, men det fanst eit lag til: Norskdomslaget. Der var det danseøving ein gong i veka. Ole Juvet var danselærar, og Olaf spela.

Blant dei som gjekk her og dansa gjennom åra, var Marit Bergland, Arvid Gullbring og Olav Sem, og seinare også Wenche Bergland, Lise Johnsen og Ove Eriksen – for å ha nemnt nokre. Alle desse kom etter kvart med i tevling på kappleikane, og fleire av dei heldt på i mange år.

Ikkje minst var det born og unge som gjekk i Norskdomslaget. Det var tilslutta Noregs Ungdomslag, og dermed eit fråhaldslag. Dei heldt til i ungdomsherberget på Notodden, som er borte no, på Teletunet, i kjellaren der.

Kvar einaste 17. mai hadde Olaf speling til dans, anten det var på Folkets hus eller på torget. Fullt av folk på torgplassen, og Olaf einaste spelemann. Han var etterspurd når det var tale om spel til dans, og spela både bygdedansslåttar og gamaldansmusikk på fela, aleine.

På ein kappleik i Bø spela han til dans i eitt, i timevis. Det var obligatorisk med både springar og gangar i dansetevlingane på den tid. Etter førti danseslåttar sat Olaf og drog fingrane etter stolbeina, stiv og sliten. Alle ville ha Olaf Bergland til å spela for seg.

Ei anna hending, frå Kongsbergmarken, syner òg kor etterspurd han var. På den tid vart markenskappleikane haldne i det gamle Arbeidersamfundet, som er rive no. Bak scenen var det eit rom dei kalla Fjelltrampen; her var det bygdefolk kom og dansa når dei hadde fest. I rommet under, i fyrstehøgda, var det kafé. Når dei dansa oppe, huska lysekronene i kaféen. Under ein av markenskappleikane sat det ein spelemann med heller dårleg takt og spela til dans. Dansegolvet var tomt, endå det var mange danseglade i salen. Olaf Bergland var der, men han ville ikkje at spelemannen skulle jagast for hans skuld. Difor stakk han seg bort i mengda.

Då var det einkvan som tok til å rope: Bergland! Bergland! Og snart ropa heile salen, unisont og rytmisk, på yndlingsspelemannen sin. Den stakkars spelemannen på scenen laut vike plass, og Olaf sette seg med fela, til stor fagning, endå han tykte det var tregaleg å trengje den hin bort.

Ein av dei spelemannsvener han sette høgt, var Jørgen Tjønnstaul. Olaf hadde den drivande dansetakten og den høgstilte fela til felles med den legendariske forteljaren og spelemannen som òg var fødd innpå Heii. Elles lika han spelet til venen Gjermund Haugen òg, sjølv om han og Gjermund nok var ulike spelemannstypar. Gjermund Haugen var – endå han også kunne spela med intenst driv og stor kraft – konsertspelemannen som reindyrka det uttrykksmessige i spelet sitt og ofte understreka det romantiske og kanskje også det sentimentale. Olaf Bergland var dansespelemannen. Spelet hans er reint og høglydt med flog, og det kriblar i dansefoten når ein høyrer han. Ofte har han ein eigen liten vri på taka og motiva i slåttane, og det er ikkje noko tilkrota spel; det er takten som driv slåtten framover. Han har ikkje så lite av det som blir kalla ofse i spelet sitt – kraft, ein takande vilje til livfullt uttrykk. Dette høyrde publikum. Han var A-klassespelemann, og om han ikkje nådde heilt til topps på kappleikane, gjorde han det ofte retteleg godt.

Og publikum gav ofte stor fagning.

 

Kappleiksspeling

Ei fullstendig resultatliste for dei kappleikar Olaf Bergland var med på, føreligg ikkje som grunnlag for denne artikkelen. Men på dei årlege stemna til Telemark Ungdomslag var han med og tevla fyrste gongen i Gransherad i 1935, då han var einogtjue år. Sidan er han med bortimot årleg på desse stemna – i Morgedal i 1936 (der han har rykt opp i eldste klasse); Lårdal 1938; og Tuddal 1939. Under krigen vart det ikkje halde kappleikar, men så dukkar Olaf oppatt på lista frå Flatdal i 1946, der han fekk 2. premie saman med Torbjørg Aas, Signe Flatin og Olav Løndal. På stemnet i Heddal i 1948 er han med; likeeins i Austbygde i 1949 og Edland i 1950.

No er ikkje resultatlista alltid fullt og heilt dekkjande med omsyn til det ein utøvar formidlar frå scenen, men det kan like fullt vera verdt å sjå korleis Olaf Bergland vart rangert; på Edland i 1950 fekk han ein andrepremie – og vi skal hugse på at fyrstepremiane sat høgt på den tid. Vinnaren av kappleiken var Anund Roheim, med Bergit Tjønn på andreplass. Båe desse fekk fyrstepremie. På andrepremielista finn vi desse, i nemnde rekkefølgje: Hølje Landsverk, Einar Løndal, Leif Neset, Signe Flatin, Olaf Bergland og Jens Amundsen. På tredjepremielista kom Torbjørg Aas og Tor Homleid. Så er han med i Bø att i 1954 og ligg også der om lag midt på lista, med ein tredjepremie. Men i Austbygde i 1955 får han fyrstepremie og blir nummer tre – etter Anund Roheim og Hauk Buen. Og året etter får han Einar Tveitos pokal for det mest “gufsne” spel – og gufse er det “når det fer kaldt nedetter ryggen når du lyder på spelet. Spelet er altså gripande.”

Resultatet i 1955 er nok noko av Olaf Berglands beste plassering på kappleik. Utover på 1960-talet er namnet hans sjeldan å sjå på resultatlistene, og vi veit då òg at han ofte virka både som spel- og dansedomar på stemna. Då kunne han ikkje vera deltakar sjølv. Han deltok elles også sjølv i kappdans i unge år.

Det aller meste av spelemannslivet sitt bruka Olaf Bergland ei Gunnar Helland-fele. Rett nok fekk han òg ei fele av Norskdomslaget på Notodden, laga av Torstein Skogen, men etter ei tid selde han denne. Då dottera Wenche ville prøve å lære seg spel, kjøpte han ei Helland-fele til henne, men det vart ikkje til at ho fylgde det opp, og denne fela vart også seld. Olaf trong berre éi fele.

Gunnar Helland-fela ligg i dag på Rauland, hjå skyldfolk der. Etter at Olaf hadde gått bort, selde Aslaug fela til Torbjørn Tveiti, som var son til eldstesyster av Olaf, Maren. Fela er i dag eigd av son til Torbjørn, Otto Tveiti.

 

Trongsyn og livsglede

I eit by- og bygdemiljø der det strenge og noko mørke synet på livet i kraft av pietismen hadde eit visst fotfeste, var Olaf Bergland den rake motsetnad. Som far var han full av morosame påfunn. Han lærde Marit å danse tango, og la henne flat på golvet når dei øvde. At han var uglesedd av somme, gjekk ikkje synleg inn på han, og ein viktig grunn til det var nok at familien hadde så mange gode vener gjennom felespelet og dansen.

“Han var ein spelemann av den gamle skulen”, fortel Marit; “han spela når han følte for det, og jobba når han kunne.”

Og endå fekk dei kjenne trongsynet på kroppen. I 1960 vart elevane i avgangsklassa på realskulen bedne på nyårsball på garden Tveitan på Vestsida. Heile klassa var beden, men ikkje Marit. Ho hadde ein far som var spelemann, og ho dansa, jamvel på kappleikar. Dette hadde ho byrja med alt ikring 1956.

Aslaug var tolmodig. Olaf reiste på kappleik, eller for å spela i bryllaup, og kom ikkje alltid att om sundagen; stundom kunne det bli både måndag, tysdag og onsdag før han kom heim. Dette var før telefonen kom i vanleg bruk, så det må ha tært på tolmodet hennar – ho som var heime og “heldt fortet”. Difor skal då òg Aslaug Bergland ha sin viktige del av vår takksemd for det Olaf gjorde for felespelet og bygdedansen.

Ein gong var dei i Vinje og hadde konsert og danseframsyning. Spelemannen Halvdan Øyberg og dansarar frå Numedal var òg med. På heimvegen stansa bussen ved Saulandsstøtta; nokon måtte ut. Olaf sette seg i busstrappa og spela, og dei dansa rundt støtta – klokka to-tre om natta. Sveinung Bakka var med den gongen, ein stram kar, og ein av dei mange framifrå dansarane i miljøet der Olaf var spelemann. Etterpå bar det heim, med heile flokken, til mor Aslaug i Mærde.

Og ho stod opp og stelte mat for dei.

Olaf var med på fleire utlandsturar som spelemann. Den fyrste gjekk til Nice i 1950, og Europa var enno sterkt prega av krigen. Olaf og Borre leikarring, som han skulle spela for, køyrde til Sud-Frankrike med lastebil. Dei sat i benkar på karmen og ein duk spend over til tak, overnatta i pyramidetelt og stelte sjølve maten sin på vegen. Ikkje minst gjorde ferda gjennom Tyskland eit stort inntrykk på dei alle. Landet låg enno i ruinar, mange stader.

Ein og annan tyskar var negativt innstild til nordmennene; andre var positive. Ein venleg bonde kom bort til dei, såg at dei hadde med seg mat, blant anna jordeple, og spurde kor dei hadde fått tak i ei så etterspurd matvare. Nordmennene hadde desse med seg heimanfrå, og det enda med at tyskaren fekk med seg noko jordeple så han kunne så sin eigen åker.

Ei stor stund for ein bonde i eit krigsherja land.

I 1955 gjekk turen med Gransherad ungdomslag til Hilversum i Nederland. Hauk Buen (1933–2021), den gong 22 år gamal, var òg med, og ei ung Tone Nisi, som seinare vart gift med Hauk. Olaf og Hauk var gode spelemannsvener. Olaf var nitten år eldre, men aldersskilnader tel ikkje stort i folkemusikksamanheng.

 

Dei siste åra

Vi veit ikkje av at Olaf Bergland laga nye slåttar heilt frå grunnen av, men det er kjent at han bygde ut eit slåttebrot. Ein gong han sat i landhandelen til Mattis Haugerud på Garvik og dei spela for einannan, synte det seg at dei båe kunne eit lite tak av ein slått på nedstilt bass. Det vart til at dei bygde ut dette taket på kvar sin måte, Olaf og Mattis, og såleis er det at vi i dag har to ulike former av springaren Jol i Trollebotn.

Olaf bygde fire hardingfeler – ein hobby ikkje så uvanleg for spelemenn. Han var elles glad i annan musikk enn folkemusikken òg, og ein favorittsongar var Paul Robeson, kjend for Old Man River. Operasongaren Marion Anderson, som også song spirituals, hadde han òg stor sans for. Som farga var båe desse i tillegg framståande borgarrettsaktivistar. Peruvianske Yma Sumac, som emigrerte til USA, var òg ein songar Olaf sette høgt.

Han sympatiserte med kommunistane – noko som nok hadde samanheng med bakgrunnen hans; mange småkårsfolk var politisk radikale under delar av 1900-talet, og somme stødde opp om Norges Kommunistiske Parti (NKP). Den viktigaste grunnen var elles kanskje den at han var med i den norske vaktstyrken etter krigen, og gjorde tenest i Finnmark. Der stod kommunistpartiet sterkt, sidan Sovjetunionen hadde frigjort landsdelen frå tysk okkupasjon og så drege seg ut or Noreg.

Nittenfemti- og -sekstiåra var ein periode med sterk antikommunisme i USA og “kald krig” i Europa, med NATO og Warszavapakta som dei to store blokkane som stod mot kvarandre. Paul Robeson var kommunist og positivt innstild til Sovjetunionen. Han nekta å skrive under på ei erklæring om at han ikkje var medlem av kommunistpartiet, og vart difor nekta utreise og pass av styresmaktene i USA. Han hadde “uamerikanske meiningar”, som det heitte den gongen. Dette var Olaf Bergland sterkt oppteken av.

Han vart oppmoda om å utdanne seg til politimann etter tenesta i vaktstyrken. Det var fleire som gjorde dette. Men det var ikkje noko for Olaf Bergland.

“Han var spelemann, han, veit du,” seier Marit og ler.

Han spela heile livet, men noko mindre mot slutten. Han var sterkt prega av astma, særleg dei to-tre siste åra, fekk kraftige anfall og måtte på sjukehuset fleire gonger.

Ikkje lenge før Olaf døydde, var familien opp til Bergland ein siste gong. Husa var rivne, og det var berre nystoga frå krigen som stod att. Alt var tilgrodd – denne bygda som ein gong hadde hatt så mange gardar. Der gamlestoga hadde vore, var det berre eit hol. Dei stod, Olaf og Marit, i kvar sitt hjørna av tufta og gret.

Livet hans vart ikkje så langt, som vi har sett. Men han fekk falde seg ut med det han elska å halde på med: felespelet. Og han var heldig, som fekk ein livsven som lét han drive på.

Olaf Bergland sovna inn den 16. juni 1971, knapt 57 år gamal. Han står der som éin i ei lang lenkje av spelemenn, med utøvarar i kvar einaste ættled heilt sidan syttenhundretalet – noko som vel må seiast å vera nokså eineståande: Halvor Bekkjorden/Bergsland, Olav Bergsland, Aslak Kleivan, Olav Kleivan, Olaf Bergland. Og lenkja strekkjer seg fram til vår tid, til 2021: Fleire av sønene til Maren, eldstesyster av Olaf, spela; og ein av sonesønene, Erland Tveiti på Rauland, er retteleg god spelemann, sjølv om eit travelt yrkesliv har gjort at han ikkje er så ofte å høyre. Og Marit Bergland Rysstad og Wenche Bergland har halde oppe dansearven. Dei fekk felespel og danseglede i voggegåve. Dotter av Marit, Ingunn Dagne Pladsen, fører dansearven vidare.

Olaf Bergland er gravlagd på Heddal kyrkjegard, ved stavkyrkja.

Kjelder:
Marit Bergland Rysstad, Rysstad i Setesdal
Arne T. Aabø: Ei spelemannsætt i Telemark, tidsskriftet Folkemusikk nr. 4, 2017
 

Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Lydrestaurering og mastering: Per Arne Flø og Terje Hellem NRK
Opptak: NRKs folkemusikkarkiv, Folkemusikkarkivet i Telemark v/Kari Lønnestad
Prosjektgruppe, slåtteval: Marit Bergland Rysstad, Knut Tore Bergland, Wenche Stigen og Erland Tveiti
Tekst: Stein Versto
Framsidefoto: fotograf
ukjent, utånt av Marit Bergland Rysstad
Grafisk formgjeving: Eva Karlsson
Økonomisk støtte: Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff), Seljord kommune, Seljord folkemusikklag, Landskappleikfondet i Seljord og Landskappleikfondet i Rauland og Vinje, Falkeriset folkemusikklag