Etterkvart som arbeidet med tekstene til denne utgjevinga gjekk framover baud sjansen seg til å skrive litt meir enn berre songtekstene. Slik har «Or Setesdal» blitt til ei lita bok der du både kan lytte til, og bli kjend med vokaltradisjonane frå denne løyndomsfulle dalen. Samstundes kan du late augo kvile på unike bilete frå ulike stadar i Setesdal, der den musikken har blitt ført vidare frå generasjon til generasjon gjenom hundrevis av år.

Det er eit soloalbum, men på nokre av låtane har han med seg Kirsten Bråten Berg (kveding), Eldbjørg Trydal Rysstad (kveding), Daniel Sandén-Warg (fele) og Trym Bjønnes (gitar).

Terningkast 6 frå NRK Sørlandet!

Glitrande melding på folkemusikk.no:
"Resultatet har blitt ei enestående pakke med myk sang og sparsommelig instrumentering som smyger seg inn i alle kriker og kroker av sanseapparatet."