Ho spelar det ho litt misvisande framleis kallar toradar. Dei to ytste radene har dei same tonane som ein vanleg toradar har. Når ho ville spela låtar som vanlegvis vert spelte på fele,
let ho det definera nokre nye behov, så ho skaffa seg etter kvart ei heil ekstra rad med tonar på begge sider av belgen.

Thorsheim har gjennom ei årrekkje overført felerepertoar frå fleire tradisjonsområde til hennar eige instrument. Ho har gjeve ut plater med gruppene Tritulen (Etnisk musikklubb 2012) og Oleman (Sjelvar records 2012), men dette er hennar første soloprosjekt. Ho har bakgrunn frå folkemusikkinstitusjonen ved Musikkhøgskulen i Stockholm, og har master i tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark. I dag er ho tilsett som phd-stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, der ho særleg fokuserer på spel til dans. Her spelar ho også duo med Jeanette Evansson (hardingfele/fele) og med Jonas Åkerlund (feler mm). I det tverrkunstnarlege prosjektet «Vi bygger om» og «Sus og Dus byter om» har ho laga musikk til tekst og illustrasjonar av forfattaren Helga Gunerius Eriksen. 2020 gav ho ut e-boka «Tone for tone», som er eit nytt undervisningsopplegg for nybyrjarar på toradar (Norsk musikkforlag).

2I6A6871.jpg