-------------
Eg har sidan eg var liten gut høyrt felespel. Bestefar, bror, onklar og andre slektningar har inspirert og påverka meg med felespelet sitt. Eg har støtt likt klangen og dåmen i slåttespel på fele, og eg kan sitje i timesvis å lytte til felespelemenn. Utruleg nok var det trekkspel som skulle bli mitt instrument, men at eg er svært påverka av fela i musiseringa mi er det ikkje tvil om.
Då eg var 10 år kjøpte bestefar Bjørn eit Zero Zette B26 til meg. Trekkspelet var stort og tungt, men eg brukte det nesten kvar dag og dette var starten på mi musikalske reise. Etter tre
år på folkemusikklina på Vinstra vgs, havna eg etterkvart på Norges Musikkhøgskole, og det var her eg verkeleg fann mitt musikalske råk. Eg leita fram gamle slåttar, komponerte nye,
noterte dei ned og byrja å arrangere dei for akkordeon, eller trekkspel med melodibass. Etter seks og eit halvt år på musikkhøgskulen vart resultatet eit notehefte, eit utdrag av arbeidet som vart lagt ned desse åra. «20 slåttar arrangert for akkordeon » er utgangspunktet for denne plata. Mykje av stoffet er typisk døl; roleg, beherska og lognt. Å få gje ut ei soloplate er noko eg  har drøymt om lengje og eg er stolt av at «Logne slåttar » no endeleg er ute. Eg håpar musikken fell i smak!
/ Mads Erik Odde