Det er og har vore mange gode spelemenn frå Rauland i Vinje kommune, ein av dei er Trygve K. Vågen på Møsstrond. Han kjem frå ei slekt med spelemenn heilt tilbake til starten av 1700-talet. Den mest kjende i slekta var Håvard Gibøen (1809-1873)

Trygve lærde fyrst ved å tjuvlåne fela til far sin og å herme etter dei låttane han hadde høyrt heime. Også andre i familien spelte, slik at han hadde fleire å lære av. Rundt 1960 kom det bandopptakar til heimen på Møsstrond. Då opna det seg ei ny verd for Trygve. Det meste av hardingfeleslåttar i radioen blei teke opp og slek fekk han moglegheit til å lære spel også etter andre kjelder enn berre dei han hadde kring seg heime. Johannes Dahle, Rikar Gøytil, Hauk Buen og Eivind Mo er andre spelemenn Trygve har vore saman med og lært direkte av.

Trygve har også vore med på ein del kappleikar, men etter kvart vart det mindre tid til slikt. På denne cd-en hadde han tenkt å spela inn låttar etter Eivind Mo, men då innspelinga var ferdig, viste det seg at det vart flest etter Johannes Dahle.

I tillegg til dei åtte sTrygve Foto Niels Røine_800x533.jpglåttane frå innspelinga heime på Austli inneheld CD-en ti slåttar frå NRKs folkemusikkarkiv. Dette er innspelingar gjort i NRKs storstove, Store studio, hausten 2002.