Fridtjof Erneshagen (1897-1955) var fødd i Bergen der far hans hadde lært seg til skipsbygningsmann og snikkar. Då Fridtjof var 2 år gamal flytte Ovidia og Helge Erneshagen til Kristiania og Helge fekk arbeid på Akers Mekaniske Verkstad. Ovidia tok lesetimar med ei skodespelarinne, ho hadde kanskje tenkt seg å gå til teateret. Slik vart det ikkje, men opplesarkunsten tok ho med seg, og den fekk både born og barneborn glede av. I hovudstaden kom dei aktivt med i politisk arbeid, mor hans heldt foredrag og faren vart seinare arbeidarrørsla sin fyrste stortingskandidat for Hardanger krins.

Då Fridtjof var sju år gamal, hadde bestemor hans i Erneshagen vorte sitjande åleine, og foreldra flytte då heim til Hardanger. Helge og Ovidia gjorde Erneshagen til eit mønsterbruk, og det var det òg i Fridtjof si tid. Mitt første møte med Erneshagen var ein gong eg sat på med far min. Han let bilen siga seint forbi, og så sa han han: "Sjå ned på den jordbæråkeren, der finst det ikkje eitt ugras."

Grannen Lars Ernes var både felebyggjar og spelemann, om ikkje av dei store. Det er vel ikkje så urimeleg at det var hjå han at Fridtjof vart gripen av det som skulle verta hans kjæraste interesse seinare i livet. Men det var nok kontakten med spelemannen Svein Lutro som gav han mest, og så samværet med gutane lenger heime i tunet på Lutro: Halldor, Olav og ikkje minst Henrik, som alle sine dagar var ein flittig gjest i Erneshagen. Smålåten kom han slentrande med feleskrinet under armen.Fridtjof gjekk den vanlege vegen om sigarkassen. Så vart det Frøyså-fela og ei Sandland-fele som vart rekna for ei av dei beste. Den heldt han på til han fekk kjøpa ei Hellands-fele av Halldor Meland i 1932 for 1000 kr.

Fridtjof var sværande glad i fjellet, og på eit bilete frå ein fjelltur, ser me han sit i lag med syskenbarnet sitt på morsida, spelemannen Karl Almklov. Det var truleg frå den sida Fridtjof hadde den musikalske givnaden sin. Bestemor hans likte ikkje dragnaden hans til fela. Men då fekk Fridtjof sitja på Skredhaugen hjå kunstnaren Bermhard Greve eller i gamlestova til grannen Lars Ernes. Han spelte naudande vent, fortalde dei som stod og lydde på.

Med tidi kom både Fridtjof og to av brørne hans som drenger til Espegrendi, og der vart det spel i lag med Mikkjel Meland og storkulten sjølv, Halldor Meland. I 1923 vart Fridtjof med på sin fyrste landskappleik i Bergen saman med fleire andre hardingar. Det var då Magnus Dagestad fekk spørsmål om det hadde vore med spelemenn frå Hardanger. ”Jau,” svara han, ”det var med nokre apekattar etter Halldor Meland.” Den karakteristikken skulle Fridtjof Erneshagen gjera dugeleg til skamme.

På Meland trefte han òg Gjøa Jarandsdtr., og dei gifte seg i 1925. Etter kvart vaks det opp tri born i Erneshagen: Margreta, Ingrid og Helge. Jon Velure, som var både grendamann og spelemann, var mykje i lag med Fridtjof og folket i Erneshagen. I 9 år var han og kona næraste grannar. I Erneshagen møtte dei trivlege folk. Som oftast tok Fridtjof fram fela, og då var det gjerne Håstadbø-slåttane han spela. Jon Velure meinte at Fridtjof var bråmogen som spelemann, og på Vestlandet hadde han aldri sett slike spelefingrar. Spelet hans var glitrande reint. Etter kvart utvikla han òg sin eigen stil. Han hadde eit sermerkt og eineståande spel, og i hans beste stunder var det fengjande og sterkt dramatisk. Det samsvarar heilt med det Geirr Tveitt gav uttrykk for.

Ei tid tok Fridtjof seg arbeid i Tyssedal. Då kom han i lag med vossingen og spelemannen Sigurd Borge. Dei budde båe i Kvednhusvegen, og det var vel ikkje ein dag utan at dei treftest. Og speling vart det. Ein gong Arnfinn Kvammen kom innom til Fridtjof i Tyssedal, spela han musikkstykket "Lengt" av Halldor Meland. Arnfinn meinte at det var ikkje nokon som kunne spela denne slåtten så levande vakkert som Fridtjof.

Halldor Meland og Torkjell Haugerud vart Fridtjof sine fremste læremeistrar. Desse spelemennene sett han umåteleg høgt slik han òg gav uttrykk for: ”Eg står mellom to nutar, og eg augnar ikkje toppen av nokon av dei”. Fridtjof gjorde fleire turar til Telemark for å gjesta Torkjell Haugerud. Den fyrste gongen sa Haugerud med han: ”Når du har vore hjå Halldor (Meland), kan du koma att. Då skal du få læra alt eg ha”. Det var nok dansespelet etter Svein Lutro som prega spelet til Fridtjof på den tida. Ein gong seinare Fridtjof vitja Haugerud, sa han: ”No er du den beste Vestanfjells.” Jamvel om Fridtjof sette Haugerud høgt, var det var nok Halldor Meland som med tida kom til å gje han mest, og det var etter han Fridtjof arva den gripande djupna i spelet sitt, sa Bjarne Ljones.

I mange år var Fritjof nytta som brudlaupsspelemann kring i fjorden, han spela i jonsoklag og andre samkomer. Ein laurdagskveld i 1955 var han beden om å spela i Ullensvang mållag, men han hadde ikkje krefter til å koma. Dagen etter døydde han. Same veka hadde han vitja Håvard Kvandal som òg var gripen av det sermerkte spelet til Fridtjof. Ved det høvet spela han berre Håstabø-slåttar. Dei sette han umåteleg høgt. Ein sundag stod det ein heil flokk på Nilsa-bryggjo på Lofthus då båten kom. Ein av dei som gjekk over landgangen, kom med feleskrin under armen. Det var Fritjof Erneshagen. Då var det ein i flokken som gjekk fram og spurde om han ikkje kunne spela ein slått. Fridtjof gjekk då litt til sides og sette seg på ein murtenning. Så drog han opp den eine slåtten etter den andre. Folk samla seg rundt han, og dei fekk høyra eit makelaust vakkert spel. Det var tydeleg at Fridtjof òg var gripen av tid og stund, og det var nett i slike stunder Fridtjof kunne yta sitt beste.

Men spelet vart ingen levemåte, tronge tider kunne det vera, og til liks med mange andre på den tid, var det ikkje alltid så lett å finna utkome til ein stor huslyd. Ein gong ville han selja fela si. Men då sette Gjøa, kona hans, foten ned. Det kom ikkje på tale. Det var ikkje berre fela som tok tid og interesse. Fridtjof kunne reisa lange vegar for å høyra på klassisk musikk. Tsjaikovsky var ein av favorittane hans. Radioen baud òg på mange hugnadstunder, og folkemusikktimen forsømde han aldri så sant det var høve til det. Det var brei semje om at Fridtjof Erneshagen utvikla ein heilt personleg svip i spelet sitt, det var sterkt og myndig, til tider dramatisk og intenst. Komponisten Geirr Tveitt gav uttrykk for at det stod ein majestetisk age av spelet hans. Samstundes tilpassa han styrken i spelet sitt med ei eventyrleg elegant bogeføring. Det vart ei fortetta spaning, som i eit drama.

Fridtjof var roleg og stillsleg i ferd og lag, men rettferdig og sterk i sine meiningar. Det låg i hans lynne og innstilling til livet. Når spelet fløymer fram under bogen, er det på si vis borte i same stund. Musikk er ei oppleving for augneblinken. Slik trudde me det vart med spelet til Fridtjof Erneshagen òg. Men så dukka dei innspelingane opp som ligg til grunn for denne CD-en. Det var Johannes N. Lutro som med stort framsyn gjorde opptaka på magnetofonen sin i november 1954. Slik får me på ny oppleva meisterspelet til Fridtjof Erneshagen.

/ November 2005. Oddmund Hus.