Her er eit utvalg av repertoaret som har fulgt meg på konsertscener dei siste åra, saman med musikarar eg har samarbeidd lenge med. Du får høyre folketonar frå Nordmøre og Romsdal, stubbar og viser frå Os i Østerdalen og Røros, samt tre eigenskrivne songar som er mitt uttrykk i dag. Med meg har eg musikarane Øystein Sandbukt, Erik Oddmund Fostervoll og Marit Aspås.

Folkemusikken var opprinneleg bruksmusikk. Om det var for å bysse barnet i søvn, underhalde, gje håp eller danse, fantes det alltid ein song. Her er nokre av tekstene og musikken eg fann. Håpar det fell i smak!

------------------

Gro er fødd 1973, frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen sidan 2003. Jobbar som frilans folkemusikar i tillegg til å ha deltidstilling som musikkpedagog ved Os kulturskole.

Ho er utdanna folkemusikar/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Her hadde ho songlærarar som Sondre Bratland, Kirsten Bråten Berg, Ragnhild Furholt og Berit Opheim.

I 2004 og 2012 vann ho vokal klasse A under Landskappleiken, og er godt forankra i folkemusikkmiljøet.