folkelarmprisen-logo.jpg 6liten.gifAftenposten: Folkemusikkskatt av dimensjoner
5liten.gif GD: DVD-en i boksen nesten verdt prisen alene
6liten.gifBladet folkemusikk. (Til dvd-en)

Hallingdølen: Eit viktig verk (på leiarplass i avisa...)
5liten.gifTelemarksavisa: Unik musikkskatt




NRKs folkemusikkarkiv og plateselskapet ta:lik er stolte over å kunne presentere serien Norsk Folkemusikk i ny utgåve. Lyden frå gamle originalband er rensa og remastra og klare til å møte dagens kresne lyttarar.

Serien Norsk folkemusikk vart gjeven ut på 78-plater, EP-ar og LP-ar i åra 1953–1974. All musikken er henta frå folkemusikkarkivet i NRK.  Frå 1969 til 1974 vart serien avslutta med 22 LP-plater. Noko av dette var nyinnspelingar, og resten var frå tidlegare utgjevingar i serien.

Platene har ikkje vore å oppdrive på fleire ti-år, men serien har blitt ståande som eit referanseverk i norsk folkemusikk. Det er derfor på høg tid at han no blir gitt ut på nytt. Det meiner også Norsk Kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans, som har gjort utgjevinga mogleg.

Nyutgjevinga er supplert med ein DVD med opptak av utøvarar som var med i serien. Dette er den første DVD-en med norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv. Over 80 utøvarar er med i CD-samlinga. Om lag halvparten av dei møter du  på DVD-en. Arkivklippa er henta frå 30 ulike program og seriar, over ein periode på 50 år.


Bakgrunn
International Folk Music Council (IFMC) vart skipa i 1947. NRK vart med i denne organisasjonen. Då Rolf Myklebust vart tilsett som programsekretær og leiar for Folkemusikkavdelinga i NRK i 1952, deltok han same året på møtet i IFMC. Under konferansen vart det vedteke å gje ut ein katalog over folkemusikk som fanst på grammofonplater verda rundt. Myklebust kom heim frå konferansen og syntest det var pinleg at Norge hadde lite utgjevingar av norsk folkemusikk. Rolf Myklebust skriv om dette i boka si «50 år med folkemusikk»:

«Vi var i ein pinleg situasjon. Berre nokre få gamle plater med norsk folkemusikk var i handelen. Det hadde vore ei skam for Noreg om ikkje landet vart skikkeleg representert i den internasjonale katalogen. Kringkastingssjef Fostervoll gav ordre om straks å finne eit grammofonselskap som ville ta på seg utgjevinga i samarbeid med NRK, som skulle stå for utvalet og innspelingane. Eg gjorde framlegg om å gje ut 22 såkalla 78-plater i første omgang. Sjefssekretær Olav Lid ringde til dei ulike grammofonselskapa i von om å få ordna dette. Det var nær på fiasko, men eitt selskap gjekk med på å ta risikoen med å gje ut norsk folkemusikk på plater.» Det var A/S Nera, seinare A/S Disco, som tok på seg oppgåva. I 1953 kom dei første 78" platene i ein serie på 22.
I 1958 gjekk ein over til EP-plater og det kom ut 55 av desse. I 1969 kom den første av 22 LP-plater. 14 av desse var overføring frå serien med EP-plater. Resten var nyinnspelingar. Opptaka var gjort i NRK i Oslo og på enkelte av distriktskontora, heime hjå utøvarane eller i ulike lokale kring i landet».

Nyutgjeving
Det skulle gå nær 50 år frå avtalen med Nera til NRK inngjekk ei ny samarbeidsavtale. Denne gongen med det Valdres-baserte plateselskapet ta:lik, som allereie hadde gjeve ut fleire produksjonar frå NRKs folkemusikkarkiv. Våren 2005 kom den første utgjevinga i det nye samarbeidet, ein dobbelt CD med spelemannen Odd Bakkerud (1931–1989). Ei fullstendig oversikt over utgjevingar er å finne på plateselskapet sine nettsider. Arbeidet med å planleggje nyutgjeving av Norsk folkemusikk starta allereie hausten 2005. Å gje ut serien på nytt hadde ikkje vore mogeleg utan økonomisk støtte. Heldigvis såg både Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans verdien av dette arbeidet. I november 2008 kunne vi markere 100-årsdagen til Rolf Myklebust (1908–1990) med lansering av dei fyrste CD-ane i serien som han opprinneleg stod bak.

Den bortkomne skatten
Det gjekk lenge rykte om at serien «Norsk folkemusikk» ikkje fanst lenger. Matrisene var borte, truleg i ein brann i plateselskapet sine lokale, og serien var dermed ikkje mogeleg å få gjeven ut på nytt. Men så viste det seg at Arne Bendiksen (1926–2009) hadde kjøpt opp norske artistar frå fleire selskap. Blant desse var også serien «Norsk folkemusikk». Arne Bendiksen hadde ikkje matrisene til serien, men han hadde masterbanda. Desse banda var dei same som NRK hadde levert til plateselskapet som grunnlag for å lage matrisene til grammofonutgjevingane. Dermed sat Arne Bendiksen på ein viktig skatt. Etter eit søk i arkivet hans fann vi ut at mesteparten av opptaka fanst. Dei originale banda, med stereolyd, var det beste utgangspunktet for å lage nye mastrar for CD-utgjeving.
Vi fekk oppleve fleire trivelege møte heime hjå Arne Bendiksen i Asker. Fine samtalar med gode historier, varm kaffi, nysteikte vaflar og heimelaga bringebærsyltetøy frå eigen hage. Han var ivrig oppteken av ideen om å gje ut serien på nytt, både med innhald og omslag. Han såg dessutan at det handla om viktige verdiar, både musikalsk og kulturpolitisk. Vi fekk difor i stand ei samarbeidsavtale, og kunne hente ned dei originale banda frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, for å setje opptaka i god teknisk stand og lage nye mastrar for nyutgjeving på CD. Vi er svært takksame for det gode samarbeidet vi hadde med Arne Bendiksen. Ein stor takk også til Kari Rolfsen som gav løyve til å bruke dei originale teikningane til omslaga. Og Karl Erik Harr som har illustrert eitt av dei. NRKs eigen musikkteknikar Terje Hellem tok på seg arbeidet med å bearbeide lydopptaka for nyutgjevinga. Samtidig vart opptak som mangla, eller som ikkje var heilt i orden, henta ut frå NRKs radioarkiv. Alle opptak vart gjennomgått for å finne utfyllande opplysningar om utøvarane og kvar og kva tid dei ulike opptaka var gjort. Gamle opptaksprotokollar og avtaler vart gjennomgått før arbeidet var fullført. Omtale av utøvarane elles, er stort sett uendra.

DVD frå fjernsynsarkivet
Under planlegginga av CD-serien kom ideen om å lage ein DVD i tillegg til all musikken. I fjernsynsarkivet i NRK låg det talrike opptak av folkemusikk. Etter grundig gjennomsøking i arkivet fann vi mange av utøvarane som hadde vore med på serien. Vi har gjort eit utval av dei det finst opptak med. Og no kan vi presentere den fyrste DVD-en med norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv. Halvannan time med om lag halvparten av utøvarane som var med på originalserien «Norsk folkemusikk». Arkivklippa er henta frå 30 ulike program og seriar, over ein periode på 50 år. Opptaka er gjort i NRK-studio, ute på kappleikar og festivalar, eller i møte heime hos utøvarane. Det eldste opptaket er frå midten av 1950-talet. Opptaka er perler der ein kjem tett inn på utøvarar både i song, spel og dans.

Gammal musikk i ei ny tid
Norsk folkemusikk er vinden som aldri før. Dei unge viser stadig større interesse for denne viktige kulturskatten. Ikkje minst let dei seg inspirere av arkivopptak som finst rundt i heile landet. Det er å håpe at serien Norsk Folkemusikk kan vere til inspirasjon også i framtida.


Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Klipp og redigering: Rudi El-Sayed Moustafa, NRK
Prosjektleiar: Frode Rolandsgard, ta:lik
Utval av arkivklipp: Gunn Sølvi Gausemel og Frode Rolandsgard
Opptak: NRK og Norsk film A/S
Grafikar: Eva Karlsson
Foto: Frå EP-serien og Rolf Mykelbusts fotoarkiv, NRK
Illustrasjonar: Programbladet/ EP-serien
Engelsk omsetjing: Laura Ellestad
Tilskot: Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans