Ein av landets beste spelemenn

Odd Bakkerud (1931-89) var ein av landets fremste hardingfelespelemenn i siste halvdel av forrige hundreåret. Hans særeige musikalske uttrykk, teknikk og sceneframferd gjorde han til ein svært populær folkemusikar, og han sette musikalske spor etter seg også utanom det tradisjonelle folkemusikkmiljøet.

Læremeistrar Bakkerud var født i Nes i Hallingdal og lærde dei fyrste tak på fela av mor si, Kari, og onkelen sin, Knut. Felespelet var høgt verdsett i barndomsheimen hans, og han fortalde mange gonger om korleis han i oppveksten vart oppmoda til å spela på fela: "Låt gut, låt gut!" Hermde han etter onkelen sin. Denne velviljen frå heimen til å dyrke felespelet vart nok svært avgjerande også seinare i livet, då han måtte gjera viktige val og valde å prioritere hardingfela. I heimbygda kom han tidleg i kontakt med læremeistrar som Kristen Eidal (1877-1965) og hans eigen tremenning; Jørgen Husemoen (1905-76). Av andre hallingdalsspelemenn som tydeleg påverka han må spesielt nemnast Kristian Øvrevollseie (1910-73) frå Hovet. Bakkerud heldt sjølv Øvrevollseie for å vera fremste læremeistaren og førebilete hans i hallingspel. Han var fleire gonger på vitjing hjå Øvrevollseie og då spelte dei i dagasvis. Han gav seinare tydeleg uttrykk for si takksemd for det han fekk lære der.

Tidleg på 50-talet kom han i kontakt med spelemannen Truls Ørpen frå Krødsherad (1880-1958), som kom til å forme Bakkerud sterkt som spelemann. Her vart han presentert for forskjellige speltradisjonar, og etter oppmoding frå Ørpen, vart han ein spelemann som også la vinn på å dyrke slåttespel frå andre distrikt enn sitt eige. Eksempel på dette finnest på denne plata. Eit sitat Bakkerud ofte nemnde etter Ørpen, var: "Skal du slå telespelemennene på kappleik må du spela deira slåttar betre enn dei sjølve!" Ørpen hadde også ei stor felesamling, noko som må ha inspirert den unge Bakkerud, då han sjølv ei tid hadde den største hardingfelesamlinga i landet. På 50-talet flutte Odd Bakkerud til Oslo og vart buande her i ca. 20 år. Der budde også fleire av landets fremste spelemenn, så hovudstaden kunne vera ein inspirerande stad for ein slåttesvolten spelemann på denne tida. Kjetil Løndal, Torleiv Bolstad og Ola Bøe var spelemenn han var i hop med i byen og fekk impulsar ifrå. Andre spelemenn Bakkerud nemnde som inspiratorar og som han var i hop med var m.a.: Kristiane Lund og Gunnulv Borgen frå Bø, Eivind Mo i Seljord og Hellik Juvelid i Numedal. Me veit at jamnaldringen Hauk Buen (f. 1933) også var ein han sette høgt.

Kappleiksspelemannen Odd Bakkerud hadde sine glansdagar som spelemann i ei tid då kappleiksscena var hovudarenaen for å marknadsføre seg som spelemann. Dette var eit forum som passa han ypparleg. Han hadde ein blendande teknikk, var trygg og elegant på scena, og hadde gode konkurransenerver. Han hadde eit musikalsk uttrykk og form som fall inn hjå dei fleste. Han var ein spelemannstype som meistra slike konkurransesituasjonar betre enn dei fleste. Dei som gjorde det best på kappleikane vart dyrka som miljøet sine popstjerner, og Odd Bakkerud vart ei stjerne som hadde stor status i folkemusikkmiljøet. På landskappleikar kunne han vise til ei unik merittliste: Han var med på 11 landskappleikar og vann klassen sin heile 8 gonger. Han var berre 24 år fyrste gong han vart noregsmeister i klasse A (1955 på Nesbyen), og han vann denne klassa totalt 6 gonger. Talet på alle dei andre kappleikane han deltok i kjem truleg opp i godt over eitt hundre, og som oftast var det han som var sigerherren. Det er difor mange som har hatt sine største hardingfeleopplevingar med Odd Bakkerud på kappleiksscena.

Bakkerudspel Hardingfelespel vert fyrst ekte folkemusikk når spelemannen kan framføre eit personleg spel, at han finn sitt eige uttrykk. Dette klarte i høgste grad Odd Bakkerud. Han forma tidleg sitt eige uttrykk i slåttespelet, som for ettertida kan kallast for Bakkerudspel. Eit særtrekk er at han generelt stemmer fela høgt. Det jamt vanlege er å stemme a-strengen rundt tonehøgde h, men Bakkerud var ofte oppe i c. Han hadde eit saftig bogestrøk med utprega fleirstrengsspel, noko som gav spelet hans ein massiv klang (her høyrer me påverknad frå Øvrevollseie). Fingrehanda hans var svært spenstig, slik at ornamentering, og då spesielt prilling låg lett for han, og han hadde ein tonereinleik i spelet sitt som var heilt spesiell. "Han spelar så reint at det er ei gru!", er eit sitat etter Kristiane Lund. Han var svært oppteken av å ikkje kvele tonen med for mykje fingring, og strauk over lause strengjer og sa: "Hugs det er tonar dette med." Høgstemt, sylvreint, massivt og teknisk briljant vert stikkord som karakteriserer Bakkerud-spelet.

I si musikalske framføring var han tydeleg oppteken av å få fram den klåre melodien i slåttane. Slåtteformene hans ber eit utmeisla preg, med stramme liner og tydeleg melodiføring. Teknikken og formsansen hans resulterte i eit slåttespel som var allment tilgjengeleg for lydarar både i og utanfor folkemusikkmiljøet. I tillegg var han ein ordhag og karismatisk person som verkeleg fengte lydarane sine. Odd Bakkerud fekk difor eit stort publikum og gjorde ein banebrytande innsats med å vinne nye lydarar for hallingspelet både på kappleiksscena og i andre samanhengar der han opptrådde med hardingfela. Han hadde fleire vener i andre kunstnarmiljø og fekk også der stor respekt for musikken sin.

Han spela på to felu! På landskappleiken på Lillehammer i 1968 framførde Bakkerud ei form av Fanitullen som skulle setje store spor etter seg. Ei dame frå Hallingdal utbraut under framføringa: "Høyr, høyr, han spela på to felu!" Øystein Sunde som var tilstades i salen, lot seg inspirere og spelte denne seinare inn på plate med bandet sitt "Christiania Fusel & Blaagress" (med Einar Mjølsnes på hardingfele). Denne innspelinga var kjenningsmelodien til Norsktoppen i radio i ei årrekkje, så ei tid kjende heile noregs befolking til denne melodien. Bakkerud sjølv sa det slik: "Du veit de' va' morot gut, å gå ned ette' Karl Johan, og alle plystra på denne låtten!" Denne reklameeffekten for hardingfelespelet kan vanskeleg undervurderast.

Odd Bakkerud gjekk bort i ein alder av berre 58 år, og hadde nok hatt mykje å tilføre det veksande spelemannsmiljøet i Hallingdal på 90-talet om han hadde fått tid og ro til det.

Det har vore lite Bakkerudspel å få tak i på plate, så for mange er dette ein etterlengta produksjon med ein spelemann som har gjeve dei mange rike spelstunder. Så er det å vone at plata og slåtteutvalet her vert godt motteke hjå gamle og nye lydarar.

/ Harald Knutsen

Odd Bakkerud - one of Norway`s foremost Hardanger Fiddle players

Odd Bakkerud (1931 - 1989) was one of Norway´s foremost Hardanger Fiddle players in the second half of the twentieth century. His distinctive musical expression, technique and stage presentation made him an extremely popular folk musician in his time, and he also left his musical tracks outside the traditional folk music milieu. Winner of Folkelarm Award 2005!