Ringestadspel

Harald Fylken (1910-1963) vart fødd på Fulkji i Vestre Slidre av foreldra Nils Evensen, Vestre Slidre (1866 -1961), og Agnethe Enger, Hamar (1876 - 1953). Nils spelte på fela mest til husbruk, men han påverka Harald slik at han tok til å spela alt i gutedagane. Tidleg i 20-åra bygde Nils seg bustaden på Fulkji attmed riksvegen ved Vøllabrune. Her dreiv han i alle år skomakarverkstad. Storspelemannen Ivar Ringestad hadde ofte ærend innom hjå Nils, og fela - som alltid låg klar - kom då fram, og det vart gjerne speling i timevis. Ivar var godt forankra i spelestilen i Vestre Slidre. Dette, den gode tekniske tamen hans og dei rike evnene han hadde til harmonisering, sette preg på spelet hans.

 

Med lang bogeføring og avansert fingerbruk fekk han fram både det dramatiske og det lyriske i musikken, og han la stor vekt på den sterke og sereigne rytmen i Vestre Slidre-spelet. I det heile hadde han ein krevjande spelestil, og han vart rekna for å vera ein av dei beste spelemennene i si samtid. Dei som høyrde han i hans beste år, var fulle av lovord.

Ein gong statsstipendiat Arne Bjørndal var på samlarferd i Valdres, overnatta han på Ringestad. Han fortalde etterpå: ”Det vart ikkje mykje soving. Ivar spelte heile natta på 12-14 forskjellige felestille. Maken til kjelde har eg ikkje høyrt nokon stad i landet.” Den karismatiske spelemannen og musikken hans gjorde sterkt inntrykk på Harald. Og då han også hadde mykje av same sinnelaget, var det nesten sjølvsagt at Ivar vart Harald sin fremste læremeister. Det er ikkje tal på alle dei døgn han var saman med Ivar for å lære spel. Harald vart fengsla av spelemåten til Ivar, og han kom til å reindyrke spelet hans. Soleis vart han ein verdfull arvtakar av denne rike speltradisjonen. Særleg den typiske rytmen og dåmen i springarspelet vart det Harald som meistra best av læregutane til Ivar Ringestad. Harald utvikla seg fort som spelemann, og vart eit midtpunkt i spel- og dansemiljøet i Slidre. Like etter krigen hadde spelemennene i Vestre Slidre faste samkomor ei periode, der Harald var av dei som lærde bort låttar, og sist på 40-talet etablerte interesserte i Vestre Slidre og Vang, spelemannslaget Valdreskvelven. Der var det eit aktivt miljø, og i tillegg til Harald deltok spelemenn som Lars Bjerke, Jørgen Bøe, Ola Grihamar, Torgeir Havro, Knut Lyngstad, Lars Wangensten, Ola Fylken, Knut Hemsing, Knut Skjefte, Arvid Jacobsen Myhre, Kristian Husaker og Erik Stein Riste m. fl. Då fleire sentrale personar etter kvart fall frå, vart aktiviteten i laget på det næraste nedlagt. Men seinare vart Valdreskvelven reetablert som spelemannslag for Vang. Harald Fylken spelte i ei mengd bryllaup og han var ein av dei vissaste til å spela på Slidrehuset på syttandemaifest og andre tilstellingar. Harald likte seg ikkje særleg godt på scenen, difor deltok han ikkje mykje på kappleikar - berre nokre gonger på lokalkappleik og på Hilme-stemnet. Og i Folkemusikkhalvtimen hadde han ein opptreden som han sjølv var lite nøgd med. Men i vennelag og blant likesinna kunne han prestere det heilt store. Då minnesteinen over Sjur Helgeland vart avduka i Mørkdalen i 1958, var Harald og Sigrid kona hans, gjester hjå oss på Voss. I kveldinga avdukingsdagen var det ein del spelemenn og andre samla på Vinje Hotell på Vossetrand. Der spelte Harald for denne forsamlinga slik at dei vart reint forgapte. Då fekk me det travelt med å svara på spørsmål om denne spelemannen som dei knapt hadde høyrt om. Når det skal gjevast ut plate med Harald Fylken og dette sermerkte spelet etter Ivar Ringestad, må det nemnast eit par ord om kunstnarætta på Ringestad. Den strekkjer seg frå slektsledd til slektsledd meir enn 250 år attende, med spelemenn og sylvsmedar. Historia fortel at ein spelemann frå Ringestad var den fyrste valdrisen som fyrst på 1700-talet, reiste til Hardanger for å kjøpe seg hardingfele og lære spela på ho. Med utspring i det denne kunstnaren og arvtakarane fekk over på hardingfela av den heimlege toneskatten, utvikla det seg eit eige Valdresspel. Soleis kan ein nok seia at Ringestad vart ein arnestad for hardingfelemusikken i Valdres. Folkemusikken blir no ført vidare til komande slekter på regionale kurs og i landsdekkande institusjonar. Dette syner seg å bera frukter. Med gode instrument og dyktige lærarar blir spelet gjerne virtuost, men kan lett bli utflata og mangle lokalt særkjenne. Ivar Ringestad var ikkje utanfor dalen med fela, - og knapt nok Harald. Spelet deira vart soleis ikkje påverka so mykje utanfrå. Dei hadde elles det i seg at den gamle spelestilen skulle det hegnast om. Sjølv om desse opptaka ikkje er av dei beste, føler me som vaks opp med spelet hans Harald og dansa etter det, ei kjensle av identitet og velvere når me høyrer på denne innspelinga. Låttane blir liksom folda ut for oss og servert med saftig strøk og med den spenstige fingerbruken som høyrer denne musikktradisjonen til. Me blir høgtidsame, og det er med vemod me tenkjer på at Harald vart riven vekk so altfor tidleg frå denne verda og den trivelege heimen han bygde opp sør for Hausåker sist på 30-talet.

/ Ola Hjelle

Om musikken og innspillingene.

Det er umulig å komme utenom Ringestadnavnet når man studerer spellemenn og musikk fra Valdres. Uansett hvilken retning man snur seg dukker navnet opp. Det kan se ut som om de har hatt ærend på Ringestad nesten alle som har drevet aktivt med felespell de siste hundreårene. I en lang rekke av ruvende musikanter som kommer fra denne plassen, var Ivar Ringestad den siste. Det finnes ikke opptak med Ivar, men noen av hans beste læresveiner er dokumentert. Sammen med Andris Dahle og Ola Bøe var Harald Fylken utvilsomt en av disse og han er en solid forlengelse av Ringestadtradisjonen inn i båndopptakerens tidsalder.

Helst skulle vi hatt hele repertoaret til Harald på bånd. Slik er det ikke. De første sporene på denne CD-en er hentet fra en opptaksserie som Gudbrand A. Brager sto for i april 1962. Vi har også med opptak Erik Steine Riste gjorde hjemme hos Harald i 1958, og noen gjort av Arne Bjørndal i 1957. Utover disse to seriene eksisterer det få opptak med Fylken, men noe finnes. Hørt med dagens ører er det dårlig teknisk kvalitet på det meste av dette materialet. Lyden på CD-en kunne derfor aldri bli av ypperste merke, uansett hvor mye vi forsøkte å pynte på den med alskens teknisk utstyr. Vi valgte til slutt å presentere materialet mer eller mindre usminket. Opptakskvaliteten betyr uansett forsvinnende lite når man får tak i musikken som denne spelemannen fra Vestre Slidre formidler. Dette er godt felespell og det er grunnen til at vi gir det ut..

Harald Fylkens musikalske uttrykk skiller seg ut. Det er noe med draget, den skrå tonaliteten og hvordan han formulerer seg som er iørefallende annerledes. Legg bare merke til den gode og seige springarrytmen og den særegne dåmen i lyarlæte. Det er også typisk hvordan Harald planter fingrene ned på strengen, og de karakteristiske forslagene som han ”hogger” inn fra løs streng preger uttrykket. Generelt er det lite av enstrengsspellet og glidetonene som forekommer i andre tradisjoner fra distriktet.

Harald Fylken er en tydelig representant for et spel som har vært lite framme i lyset siden Ivar Ringestads tid på første halvdel av forrige århundre. En tradisjonen som har hatt stor betydning for utviklingen av det vi kjenner som valdresspel. Gjennom denne CD-en aner vi linjene bakover mot Ivar Ringestad og hans kilder. Harald Fylken viser her en annen dimensjon av Valdresmusikken, og gir oss en smak av det særmerkte spelet i Vestre Slidre.

/ Anders E. Røine

LÅTTEOMTALE

1. Perigarden. Springar etter Ivar Ringestad (1870-1953) (2147 Kb) som han hadde etter Jørn Røn (1843-1911). Det var tre perigardlåttar som Ivar Ringestad kalla Perigarden I, II og III. Ein tykkjer det er greitt å bruke den gamle nemninga her.
2. Anne Vik. Springar etter Ivar Ringestad. Arne Bjørndal skreiv ned denne låtten i 1937 etter Ivar Ringestad under namnet ”Merkingen”. Ivar hadde lært låtten av Ola Hamre, Brøtaguten (1819-1896).
3. Lydarlått etter Ivar Ringestad. Arne Bjørndal skreiv ned låtten etter Ivar Ringestad i 1936. Då vart han kalla ”Brurlått”. Ivar hadde lært låtten av Ola Hamre, Brøtaguten i 1890 åra.
4. Springar etter Ivar Ringestad, som hadde låtten etter Ola Hamre, Brøtaguten.
5. Springar etter Ola Haugset (1809-), lært av Ivar Ringestad. Ivar hadde lært låtten av Ola Haugset i 1887.
6. Perigarden II, eller ”Bror åt Perigarde”, springar, lært av Ivar Ringestad. Ivar Ringestad hadde lært låtten av Ola Hamre. Låtten er meir kjend under namnet Jonsokdagen.
7. Teiga-Berit. Springar etter Andris på Teige (1821- 1890). Sven Nyhus skreiv ned denne låtten etter Harald Fylken.
8. Sylkjigulen etter Bendik i Nø’n (1827-1882), springar.
9. Springar etter Ivar Ringestad, i tradisjon etter Brøtaguten.
10. Beitingen. Springar etter Ivar Ringestad. Låtten er og kalla ”Beitingen i Haugè”. Etter det som vart sagt, skal dette vera ein Krøsshaugspringar som gjekk gjennom Nils Beitohaugen (1863-1927).
11. Springar etter Gullik Teigstol (1807-1881), lært av Ivar Ringestad
12. Krøsshaugen. Halling etter Lars Mikkjelson Krøsshaug (1785-1830).
13. Store Skøltin. Springar etter Ivar Ringestad. Ringestad lærde denne låtten av Jørn Røn i 1890-åri. Jørn Røn lærde han truleg av Ola Haugset. Låttenamnet er etter ein stor dansar tå Skølte, Øystre Slidre.
14. Vårflaumen, springar. Gullik Kirkevoll (1895-1978) fortalde at dei kalla denne Ørrhanalåtten.
15. Gamle Teigen. Springar etter Ivar Ringestad.
16. Bejuven. Springar. Myllarspringar etter Olav Bejuv, Telemark. Me tek med denne som eit kuriosum. Gjermund Haugen var gjest i bryllaupet til Sigrid Olga og Ola Hjelle i 1954. Harald var spelemann der og vart begeistra for spelet til Gjermund, men også for felene hans. Han spelte på desse i eitt kjør båe bryllaupsdagane, og eit par dagar etterpå og. Då lærde han denne låtten. Som me høyrer har han meisla låtten fint inn i sin eigen spelestil og gjeve han ”valdresform”.
17. Kubakkin. Springar etter Ivar Ringestad. Jørn Haslebrekk (1926-98) fortalde etter Ivar Ringestad at låtten er etter Andris Krøsshaug (Teigen). Bror hans, Lars Krøsshaug (1812-1888), tok han med seg til Beito. Lars var skraddar, og det var vel difor at låtten i Øystre Slidre vart kalla Skraddarlåtten. Knut Snortheim (1907-1986) fortel at både faren, Ola Snortheim (1878-1973) og Ola Fystro (1868-1946) kalla låtten for Akedassen.
18. Perigarden III. Springar etter Ivar Ringestad. Låtten vart kalla ”Bikkjelåtten” avdi det vart hengande ved eitt vek uti låtten, eit stev som lydde: ”Det va’ ei gamal kjering i ein harde vår, svelta på ei bikkje i ei to- tre år. Noko smale leggji endå smalar lår, men endå beheldt ho livet”. I dag er låtten meir kjend under namnet Fagerdalen, som er det namnet Ola G. Okshovd sette på låtten etter at han bygde den ut.

Denne slåtteomtalen er basert på opplysningar frå Harald sjølv, men også mykje på det spelemannen Jørn Haslebrekk fortalde til Erland Nefstad (1952-). Jørn var ein nær slektning og elev av Ivar Ringestad og hadde opplysningane frå han. Andre kjelder er Ola Fylken (1922-1983),Olav Øyråker (1909-1986) og Arne Bjørndal (1882-1965)

Harald Fylken-prosjektet:

Prosjektleiing: Tore Bolstad, Anders E Røine, Niels J Røine og Frode Rolandsgard. Mastering og produksjon: Lindberg Lyd AS Engelsk omsetjing: Mary Hegge Grafisk formgjeving: Eva Karlsson

Økonomisk støtte: Kirkevollegatet Norsk kulturråd Norsk Folkemusikkfond Sørli-legatet Valdres Folkemusikklag Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag Vestre Slidre sparebank Vestre Slidre kommune

Takk til: Ola Hjelle for skrivearbeid og innhenting av bilder og informasjon

Hardanger fiddle playing from Vestre Slidre

Harald Fylken (1910–1963) was born at Fulkji in Vestre Slidre to Nils Evensen, Vestre Slidre (1866–1961), and Agnethe Enger, Hamar (1876–1953). Nils played fiddle mostly for the household, but he influenced Harald so much that the son took up fiddle playing already in his boyhood. Early in the 1920s, Nils built the house at Fulkji next to the highway at Vøllabrune. He worked here year-round in his shoemaker workshop. The great fiddler Ivar Ringestad often dropped in on Nils, and the fiddle—which was always at hand—would come out, and there could be fiddling for hours on end.

Ivar was well grounded in the fiddling style of Vestre Slidre. His knowledge, his good technical skill, and the rich gift he had for harmonizing characterized his playing. With long bow strokes and skilled fingering, he expressed both the drama and the lyricism in the music, and he paid much attention to the strong and characteristic rhythm in the Vestre Slidre music. On the whole he had an exacting fiddle style, and he was considered one of the best fiddlers of his time. Those who heard him in his best years were full of praise. Once the government-appointed scholar Arne Bjørndal, on an information-gathering tour in Valdres, spent the night at Ringestad. Later he said, “There wasn’t much sleep. Ivar played all night in 12 to 14 different tunings. I haven’t heard the equal to that anywhere else in the land.”

The charismatic fiddler and his music made a strong impression on Harald. And because Harald had much of the same temperament, it was nearly a foregone conclusion that Ivar became Harald’s master teacher. Harald spent countless days together with Ivar, learning to play. Harald was capitivated by Ivar’s way of playing, and he cultivated Ivar’s playing faithfully. He was thus a worthy heir to this rich music tradition. As Ivar Ringestad’s student, Harald mastered the typical rhythm and flavor in the springar music especially.

Harald developed quickly as a fiddler and was a central figure in the folk music and dance environment in Slidre. Just after the Second World War, the fiddlers in Vestre Slidre met regularly, and Harald was one of those who taught tunes. At the end of the 1940s, interested folk in Vestre Slidre and Vang established the spelemannslag (fiddlers’ group) Valdreskvelven. This was an active milieu and in addition to Harald other fiddlers included Lars Bjerke, Jørgen Bøe, Ola Grihamar, Torgeir Havro, Knut Lyngstad, Lars Wangensten, Ola Fylken, Knut Hemsing, Knut Skjefte, Arvid Jacobsen Myhre, Kristian Husaker, Erik Stein Riste, and more. As time went by and several central figures passed on, activity in the lag nearly ceased. But later Valdreskvelven was reestablished as the spelemannslag for Vang.

Harald Fylken played in many weddings, and he was one of the most faithful fiddlers at the dance hall in Slidre for the Seventeenth of May celebration and other festivities. Harald didn’t especially like to be on stage and thus didn’t participate much in competitions—only a few times at the local competition and at the Hilme-stemne in Fagernes. He appeared on the folk music program on the radio but wasn’t very satisfied with his performance. Among friends and like-minded people, however, he performed quite well. When the monument to Sjur Helgeland was unveiled in Mørkdalen in 1958, Harald and his wife, Sigrid, were guests of ours at Voss. The evening of the unveiling, some fiddlers and other people gathered at the Vinje Hotel at Vossestrand. Harald played and the audience was infatuated. Afterwards I was busy answering questions about this fiddler the others had barely heard about.

When one produces a recording of Harald Fylken, and especially his music after Ivar Ringestad, one must say a few words about the artistic lineage at Ringestad. It reaches back generation to generation more than 250 years, with fiddlers and silversmiths. The story is that a fiddler from Ringestad was the first person from Valdres who, in the early 1700s, traveled to Hardanger to buy a Hardanger fiddle and learn to play it. From that origin, this artist and his successors adapted their local music for the Hardanger fiddle and developed their own Valdres music style. And so one can say that Ringestad was an original center for Hardanger fiddle music in Valdres.

Folk music is now spreading widely to the coming generations in regional courses and in country-wide institutions. These efforts are bearing fruit. With good instruments and clever teachers the music can be brilliant, but it also can be watered down and lose its local distinctiveness. Ivar Ringestad didn’t travel outside his valley with his fiddle, and Harald barely did, either. Their music thus was not influenced very much from the outside. They held the opinion that the old fiddling style should be protected.

Even though the sound quality here is not the best, we who grew up with Harald’s music and danced to it feel a sense of identity and well being when we listen to this recording. The tunes somehow unfold themselves to us with the rich bowing and supple fingering that belong to this music tradition. We become solemn, and we think with sadness about Harald’s all-too-early departure from this world and the cozy home he created south of Hausåker at the end of the 1930s.

/ Ola Hjelle

About the music and the recordings.

It is impossible to avoid the name Ringestad when one studies the fiddlers and music from Valdres. No matter what direction one turns, the name pops up. It seems as if nearly all who have been active in fiddle music during the past 100 years have turned up at the Ringestad farm. In the long line of impressive musicians who came from this place, Ivar Ringestad was the last. There are no recordings of Ivar, but some of his best disciples are so documented. Along with Andris Dahle and Ola Bø, Harald Fylken was undoubtedly one of these disciples, and he is a solid bearer of the Ringestad tradition in the era of the tape recorder.

We would prefer to have Harald’s complete repertoire on this release, but such is not possible. The first tracks on this CD are taken from a series of recordings Gudbrand A. Brager made in April 1962. We also have recordings made by Arne Bjørndal in July 1957 and by Erik Steine Riste at Harald’s home in 1958. Beyond these, few recordings exist of Fylken. To the modern ear, the technical quality of most of this material is poor. The sound on the CD therefore isn’t always of the highest quality, no matter how much we tried to improve it with all sorts of technical equipment. We finally chose to present the recordings more or less untouched. The quality of the recording means little in the end when one gets to understand the music as this fiddler from Vestre Slidre interprets it. The fiddle playing is good, and that is reason enough for us to release this CD.

Harald Fylken’s musical expression is distinctive. There is something in the flow, the oblique tonality and how he formulates it, that catches the ear differently. Pay attention to the good and steady springar rhythm and to the special flavor of the listening tunes. Also typical of Harald is how he sets his fingers down on the string; and the characteristic grace notes he “strikes” in from the open string mark his expression. Generally there is little of the single-string playing and gliding tones that appear in other traditions from the district.

Harald Fylken is an obvious representative of the playing that has had little exposure since

Ringestad’s era in the first half of the last century—a tradition that has had a great inflluence on the development of what we regard as the Valdres style. Through this CD we can get a sense of the lineage back to Ivar Ringestad and his sources. Harald Fylken shows here another dimension of Valdres music and gives us a taste of the distinctive music of Vestre Slidre.

Anders E. Røine

The Tunes

1. Perigarden. Springar as played by Ivar Ringestad (2147 Kb) (1870–1953), who had it from Jørn Røn (1843–1911). There were three Perigard tunes, which Ivar Ringestad called Perigarden I, II and III. We think it’s straightforward to use the old designation here.
2. Anne Vik. Springar as played by Ivar Ringestad. Arne Bjørndal transcribed this tune in 1937 from the playing of Ivar Ringestad, with the name “Merkingen” (“The Marking”). Ivar learned the tune from Ola Hamre, Brøtaguten (1819–1896).
3. Listening tune as played by Ivar Ringestad. Arne Bjørndal transcribed the tune from the playing of Ivar Ringestad in 1936. It was called “Bridal Tune.” Ivar learned it from Ola Hamre, Brøtaguten, in the 1890s.
4. Springar as played by Ivar Ringestad, who had the tune from Ola Hamre, Brøtaguten.
5. Springar as played by Ola Haugset (1809–?), learned from Ivar Ringestad. Ivar learned the tune from Ola Haugset in 1887.
6. Perigarden II, or “Brother from Perigarde,” springar, learned from Ivar Ringestad. Torleiv Bolstad made the tune famous under the name “Jønsøkdagen.” Ivar Ringestad learned the tune from Ola Hamre.
7. Teiga-Berit. Springar as played by Andris of Teige (1821–1890). Sven Nyhus transcribed this tune from the playing of Harald Fylken. Harald Fylken learned the tune from Torleiv Bolstad (1915–1979). Torleiv had the tune from Ola G. Okshovd (1872–1960), who had it from his father, Gullik Okshovd (1826–1900), who had the tune from Jøger Sagahaugen (1816–1898).
8. Sylkjigulen as played by Bendik i Nø’n (1827–1882), springar.
9. Springar as played by Ivar Ringestad, in tradition after Brøtaguten.
10. Beitingen. Springar as played by Ivar Ringestad. The tune is also called “Beitingen i Hauge.” According to what is told, it is a Krøsshaugspringar that came through Nils Beitohaugen (1863–1927).
11. Springar as played by Gullik Teigstol (1807–1881), learned from Ivar Ringestad.
12. Krøsshaugen. Halling as played by Lars Mikkjelson Krøsshaug (1785–1830).
13. Store Skøltin. Spring as played by Ivar Ringestad. Ringestad learned this tune from Jørn Røn in the 1890s. Jørn Røn probably learned it from Ola Haugset. The tune is named for a great dancer from Skølte, in Øystre Slidre.
14. Vårflaumen, springar. Gullik Kirkevoll (1895–1978) said it was called “Ørrhanalåtten.”
15. Gamle Teigen. Springar as played by Ivar Ringestad.
16. Bejuven. Springar. Myllarspringar as played by Olav Bejuv, Telemark. We consider this as a curiosity. Gjermund Haugen was a guest at the wedding of Sigrid Olga and Ola Hjelle, in 1954. Harald was the fiddler and was enthusiastic about Gjermund’s fiddling, and also about his fiddle. Harald played it constantly both days of the wedding, and a couple of days afterwards as well. That’s when he learned this tune. As we can hear, he interpreted the tune in his own style and gave it a “Valdres form.”
17. Kubakkin. Springar as played by Ivar Ringestad. Jørn Haslebrekk (1926–1998) said that according to Ivar Ringestad the tune was handed down by Andris Krøsshaug (Teigen). His brother, Lars Krøsshaug (1812–1888), took the tune to Beito (in Øystre Slidre). Lars was a tailor, and perhaps that was why the tune was called “Skraddarlåtten” (“The Tailor’s Tune”) in Øystre Slidre. Knut Snortheim (1907–1986) said that his father, Ola Snortheim (1878–1973), and Ola Fystro (1868–1946) both called this tune “Akedassen.”
18. Perigarden III. Springar as played by Ivar Ringestad. The tune was called “Bikkjelåtten” (“The Mutt Tune”), because part of the tune included a verse about an old woman who starved a mutt for two or three years. Today the tune is better known as “Fagerdalen,” which is the name Ola G. Okshovd gave the tune after he developed it further.

These tune notes are based on information from Harald himself, but also from what the fiddler Jørn Haslebrekk told to Erland Nefstad (1952– ). Jørn was a close relative and student of Ivar Ringestad’s and had the information from him. Other sources are Ola Fylken (1922–1983), Olav Øyråker (1909–1986) and Arne Bjørndal (1882–1965).

The Harald Fylken project

Project Management: Tore Bolstad, Anders E Røine, Niels J Røine og Frode Rolandsgard. Mastering and technical production: Lindberg Lyd AS English translation: Mary Hegge Cover: Eva Karlsson

Financial support: Sørli-legatet Valdres historielag - Kirkevollegatet Norsk kulturråd Norsk Folkemusikkfond Valdres Folkemusikklag Vestre Slidre kommune Vestre Slidre sparebank Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag

Thanks to: Ola Hjelle.